Go Norsk Friluftsliv to main content
23. juli 2024

Elsykkeltur på Stølsvidda m/Seniorgruppa

Meld deg på
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Valdres

Opplev Stølsvidda og panoramaet rundt frå sykkelsetet.

 

Nyt utsikten mot Jotunheimen og mot toppar i Hemsedal, Vestre Slidre og Vang. Difor er stølsvidda og Vaset eit ynda område for sykling.

Dette er ein tur for deg som har elsykkel og ønskjer å bli med på ein litt lengre sykkeltur og med større fart enn på vanleg sykkel. Turen er ca. 40 km lang.  Vi startar syklinga ved parkeringsplassen ved Sekskanten ved Vaset bru, følgjer Panoramavegen i slak stigning ca 5 km til toppen av vegen. Der er det flott utsikt mot m.a. Jotunheimen. Så rullar vi i jamn utforbakke ned til innsjøen Rennsenn og vidare til Nøsen. Der frå følgjer vi Panoramavegen og Tisleivegen til Langestølen kolonial der vi tar ein lengre matpause. Det er mogleg å kjøpa mat og drikke der.

Turen går så på stølsveg opp til Brattåsen. Dette er den tyngste delen av turen, stort sett med lang og ikkje for tung stigning, men med nokre bratte kneikar i starten. Før vi når Brattåsen, syklar vi gjennom stølsgrenda Tyrisholt. Her ligg DNT Valdres si einaste hytte som dei leiger av stølseigaren der. Her kryssar vi også DNT-stigen (Stølsruta) som DNT Valdres har ansvaret for. Den går frå Merket i Tisleidalen til sentrum i Vang.

Frå Brattåsen syklar vi til Gomobu via Valtjednstølen tilbake til start. Denne etappen er svært lett med lange slake utforbakkar og flater, men bratt forbi Gomobu.  

 

Turen går på god grusveg. Ta med ekstra sykkelslange, sykkelpumpe og lappesaker. Hugs sykkelhjelm og refleksvest. Hugs også å ha fullada batteri som greier så lang tur. Vi syklar på trafikkert veg. Hald god avstand slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar i møte med bilar. Ver forsiktig der det er laus grus i vegbana / vegkantane. Turen går i opent lende, kle deg difor godt og ta med rikeleg med mat og drikke. Det blir fleire pausar under vegs. Du må vera i god fysisk form.

 

Det er oppmøte på Shell på Fagernes kl. 09.00. Dei som ønskjer å slutta seg til andre stader, avtalar det med turleiaren når dei melder seg på.

 

Du er med på turen på eige ansvar. Vi er turleiarar, ein syklar fremst og den andre sist, og vil gjera turen så trygg og hyggeleg som mogeleg.

 

Påmeldingsfrist: på sms til Bjørn Vegard Johnsen på tlf. 48142002

 

Kart: Vestre Slidre turkart 1: 50 000     Vestre Slidre fjellstyre

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

Turleder 2

Gunnar Modén

Icon Oppmøtested