Go Norsk Friluftsliv to main content
09. aug. 2024

Haukelitriangelet

Meld deg på
IconSted
Nesflaten
Icon Tid
Icon Arrangør
Stavanger Turistforening

Tur gjennom Rogalands villaste og vakraste dal.

Me startar med ein par timars tur og overnatting og middag i den koselige hytta i Kvanndalen. 

Turen opp Kvanndalen er fantastisk flott. Det blir ein lang dag, som me avsluttar med litt luksus på Haukeliseter. 

Turen frå Haukeliseter til Holmavatn går i flott høgfjellsterreng.Vidare derifrå tar me avstikkaren om Litlavatnet tilbake til Sandvatnet

Turen passar for deg som er vand med å gå i fjellet med sekk, men som ønsker selskap på turen.  Turen går nokre stadar utanfor merka løyper og utanfor sti, så du må vere komfortabel med det.

Det er lagt opp til køyring i privatbilar, samkøyring blir avtalt på planleggingsmøtet, kostnadar blir fordelt på deltakarane

Måltid inkludert i prisen er felles middag fredag +  kaffi og havregraut til frukost laurdag. 

På Haukeliseter er frukost og nistepakke inkludert.  Middag velger den enkelte kva dei vil ha og  og betalar sjølv.

Fredag:

Avreise frå Stavanger kl 13:30. Me køyrer til Kvanndalsdammen og går derifrå, men må ta ein avstikkar opp til Sandvatnet og plassere hente-bil til returen.

Turen inn til hytta tar to små timar, vel framme lagar me felles middag og nyt sommarkvelden. Hytta har ikkje proviant, så kvar enkelt må bere litt av maten

Laurdag:

Dette blir ein lang dag opp Kvanndalen, ned til Ståvatn og rundt til Haukeliseter.  Turen blir omlag 25 kilometer, og me reknar med å bruke 8-9 timar.  Vel framme får me slappe av og kjem til dekka bord.

Søndag:

Me gjer oss klar til å gå før frukost som blir servert frå kl 8.  Så et me godt og smører nistepakke for ein lang dag.  Me går merka løype til Holmavatn . Så går me via Litlavatnet og tilbake til Sandvatnet.


Turledere:
Marie Nøkling (91330563) og Åse Sellereite (90913753)


Planleggingsmøte:
6. august kl 1800 på Teams


Transportmiddel:

Det er lagt opp til køyring i privatbilar til Kvanndalsdammen / Sandvatnet

Samkøyring blir avtalt på planleggingsmøtet, kostnadar blir fordelt på deltakarane


Hva dekker prisen:
Turledelse, administrasjon, overnatting, måltid som spesifisert nedanfor


Utstyr som turdeltakeren må ha med:

Pakk lett !!

Ta gjerne med sandalar eller crocs, stavar om du har, hovudlykt, førstehjelp til eige bruk (evt tablettar)

Måltid inkludert i prisen er felles middag fredag  +  kaffi havregraut til frukostlaurdag, frukost og niste på søndag.

Niste og snacks må deltakarane ha med sjølv

Felles måltid blir fordelt på deltakarane, så ha plass til litt i sekken


Sjå også DNTs pakkeliste for sommerturer

Utstyr kan lånes for en rimelig penge på www.frilager.no  


Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.


Generell informasjon.
Spør turansvarlig
Dersom du har spørsmål for denne turen kan du ta kontakt med kontaktperson i administrasjonen, Torkel.reinertsen@dnt.no


Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.

Bli medlem i DNT!


UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger

Icon Oppmøtested