Go Norsk Friluftsliv to main content
09. sep. 2024

Seniortur - Golsfjellet

Meld deg på
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag

I år går seniorgruppa sin fleirdagarstur for DNT-medlemer til Golsfjellet der vi skal bu på Kamben Høyfjellshotell frå måndag til fredag. Dette hotellet ligg ca. 18 km frå Gol sentrum.

Vi blir innlosjerte i dobbeltrom, og i prisen er det med frukost, sjølvsmurt niste m/drikke og 5 rettars middag (!).

Turterrenget på Golsfjellet er variert, og dagsturane der blir lagt opp etter korleis veret blir desse dagane.

Deltakarane bør vera i forholdsvis god form då vi skal gå tur fleire dagar på rad. Turane kan bli opp i 5-6 timer, og kanskje opp mot 12-15 km.

Du kan lesa meir om Kamben Høyfjellshotell på denne linken: Kamben

HUSK: Gode sko!  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr. SMS og e-post. 
Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. 
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem.

  • Påmelding: Det vert opna for påmelding 1. april kl. 11.00 Deltakinga er avgrensa til 30 personar.
  • MERKNAD: Ynskjer du enkeltrom, kan dette ordnast mot eit tillegg på kr. 1.200,- som skal betalast på hotellet. Legg enkeltromsbestillinga inn i merknadsfeltet ved påmeldinga.
  • Frammøte:   Kl. 17.00 på Kamben Høyfellshotell.
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Kr. 4.650,- Turavgifta dekkar overnatting i dobbeltrom, frukost, niste og middag. Deltakarane må sjølve syta for transport til/frå Kamben. 
  • Turleiarar:    Kjell Ivar Bjørgen (959 74 654) og Steinar Kroka (957 68 180)
  • Vandringa:   Blir lagt opp etter vermeldingane.
Icon Oppmøtested