Go Norsk Friluftsliv to main content
30. aug. 2024

Singeltur på fjellet med DNT ung voksen (25-35 år)

Meld deg på
IconSted
Breidablikk
Breidablikk
Icon Tid
30. aug. 2024
Kl. 16.00 - 17.00
Icon Arrangør
Bergen og Hordaland Turlag

Lei av å sveipa? Kva med å heller testa dating over tregrensa kombinert med aktivitet i friluft, god mat og likesinna?


«Singel på fjellet» -konseptet er ein superpopulær klassikar som me stel med oss inn i gruppa for unge vaksne. Er du mellom 25 og 35 år, singel, glad i aktivitet og fjellet? Då er dette arrangementet perfekt for deg. Helga byr på luftige høgdemeter, storslagen natur, nydeleg mat, masse potensielle turvennar, og kanskje ein fjellflørt?


Fredag 30.8

Me møtest på bystasjonen og tek buss i lag til Øystese kor me vert køyrd det siste stykket til stistart. Turen opp til Breidablik er ikkje så lang (om lag 5km), men nokså bratt (ca 1000 høgdemeter) -så me er ikkje framme på hytta før godt utpå kvelden. Vel framme lagar me ein god fellesmiddag og vert kjent før me tek kvelden.


Laurdag 31.8

Me nyter ein felles frukost og gyver laus på dagens aktivitetar. Her er det duka for tur, bli-kjent-leiker, speeddating og mykje gøy! På kvelden delar me gruppa og diskar opp med 3-retters middag og sjølvsagt masse underhalding. Sumaren er på hell, men dagane er enno lyse og lange, er ein tøff vert det kanskje eit kveldsbad i solnedgangen? Me nyter kvelden med hyttekos i godt selskap. Og sjølvsagt noko godt i glaset -me er jo trass alt på fjellet


Sundag 1.9

Turens siste dag tek me ein roleg morgon med god frukost før me vaskar oss ut or hytta og vender nasane heimover. Utsikta på vegen ned er like pen som opp, og er me heldige skin sola for oss heilt ned i dalen. Attende i Bergen takkar me for denne gang -er du heldig har du kanskje fått eit nytt nummer på kontaktlista<3


Reise

Oppmøtestad: Bergen Busstasjon 

Avreise: 30.8 klokken 16:25 buss 925 til Øystese, skyss vidare til Fitjadalen.

Retur: 1.9 klokken 14:45 buss 925 frå Øystese til Bergen (16:25)


Påmeldingsfrist: 25. august 2024 


Krav til forkunnskapar: Du må vera i ok form 


Aldersgrense: 25-35 år


Utstyr: Øvreg informasjon angående pakkeliste kjem når det nærmar seg, men me følgjer generelt i stor grad denne guiden: Se utstyrsliste for sommerfjellet. Hvis du mangler utstyr finnes det flere muligheter. Du kan låne av BUA eller BSI Friluft, du kan forhøre deg med venner og bekjente, eller du kan kontakte turlederen for hjelp. Ta kontakt og bli overrasket!


Pris: Prisen dekkjar båe middagane og felles frukost laurdag. Elles må ein sjølv ta med det ein måtte ynskja av niste, snacks og drikke. Prisen dekkjar også turleiarar, henting i Øystese og hytteovernatting. Ein må sjølv kjøpa bussbillettane (lurt å gjera dette i god tid!!). Pris kr 735,- for medlemmer, kr 1080,- for ikkje-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 


Kart: Bergsdalen - Turkart 1: 25 000. Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. 


Spørsmål? Har du spørsmål, kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post bht@dnt.no, eller på tlf: 55335810 


Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Icon Oppmøtested