Go Norsk Friluftsliv to main content
08. sep. 2024

Skagedalsvatnet-Keipen

Meld deg på
IconSted
Stryn
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag

Homlong - Homlongsetra - Skagedalssetra - Skagedalsvatnet/Keipen

 

Råsa startar like bakom husa på Homlong. Først noko bratt, delvis på svaberg, seinare i lett terreng på tydeleg sti til Homlongsetra.  Dette er vårsetra til Homlong, 544 moh. 

Vidare går stien forbi tregrensa til Skagedalssetra 851 moh.  Dette er fellesseter for Homlong og Skageflå.  Etter Skagedalssetra kan ein etter ca. ein kilometer ta av frå råsa, og dreie mot søraust og gå til det store Skagedalsvatnet 1089 moh.  Ein kan alternativt dreie meir i austleg retning opp mot Smånipene og vidare opp den smale fjellryggen mot Keipen 1379 moh.  Dei siste 50 meterane mot toppen byr på luftig, men grei kliving.  Her er det storfelt utsikt rett ned i Geiranger sentrum.  Denne flotte vandringa i Verdsarvområdet tek gjerne 4-5 timar opp, og 3-4 timar ned.


Oppmøte ved Strynehallen kl 10.00 (Turstart ca kl 11.00)

Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.

Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.

Icon Oppmøtested