Go Norsk Friluftsliv to main content
25. juni 2024

Sykkeltur i Sør-Etnedal m/Seniorgruppa

Meld deg på
Icon Tid
Kl. 10.45 - 15.30
Icon Arrangør
DNT Valdres

Bli med på kulturhistorisk sykkeltur i sørre delen av Etnedal.

 

Kor godt kjenner du Etnedal? Bli med på ein kulturhistorisk sykkeltur i Etnedal med Torodd Lybeck som kjentmann og forteljar.

Turen startar ved Skogtun forsamlingslokale 200 m sør for Bruflat. Der er det godt om parkeringsplass. Her frå kryssar vi elva Etna og følgjer bygdevegen sørover. Vi er bortom den gamle mølla, syklar til Klevgard, så vidare til Wold og så til Lundebrue. Her blir det ein lengre stopp med orientering om brua, oppgangssaga, tømmerfløyting, kanalisering av elva og ikkje minst om Sigurd Lybeck og forfattarskapen hans. Etter det syklar vi på vestre elveryggen («Sigurd Lybecks veg») til campingplassen. Her blir det ein lengre pause. Det kan vera mogeleg å kjøpa mat og drikke der, men ta like vel med deg niste og drikke.  Vi syklar tilbake mot Lundebrue. Frå Hellebrufossen syklar vi på skogsveg til Wold og der frå tilbake via Klevgard eller på fylkesvegen. Turen blir avslutta med ein sving oppom Bruflat sentrum der vi m.a. ser på den gamle skysstasjonen der.

 Turen er på ca. 30 km. Det meste av turen er lettsykla, men til og frå Klevgård er det bratte kneikar. (Det er lov å trilla sykkelen der.) Det er både asfaltert veg, grusveg og skogsveg på turen.

 Du kan bruka vanleg sykkel eller elsykkel. Racersykkel eignar seg ikkje. Sykkelen må vera i god stand. Ta med sykkelpumpe, lappesaker, sykkelhjelm og refleksvest.

Du bør vera i normalt god fysisk form. Kle deg for veret slik det er denne dagen. Ta med godt med niste og drikke.   

Turen kan blir justert alt etter veret og ev. andre forhold.

 Frammøte ved Shell på Fagernes kl. 10.00 eller på Skogtun forsamlingslokale kl. 10.45. Vil du slutta deg til oss mellom Fagernes og Etnedal, avtalar vi det når du melder deg på turen.

 Du er med på eige ansvar. Vi turleiarar skal gjera turen så trygg og hyggeleg som mogeleg.

Hald god avstand, særleg i utforbakkane, på fylkesvegen og elvekanten.

 Du kan melda deg på med sms til Bjørn Vegard Johnsen på 48142002 eller på den nye måten til DNT Valdres.


Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

Turleder 2

Gunnar Modén

Icon Oppmøtested